Tekst og foto: Arne Martin Bøe, avisa Valdres

– Eg fekk stadig høyre at eg ikkje kom til å klare meg i livet

Kristian Bergsund, Bagn, fødd 1946

Eg vart fødd med ein skade på hypofysen som førte til ein del kroppslege komplikasjonar, og jamlege innleggingar på Rikshospitalet frå eg var to år. Skaden førte også til at eg var kortvaksen, og det var berre bestefar av mine nære som trudde at det kunne bli noko av meg. Men så døydde mor av kreft berre 41 år gamal, og bestefar gjekk bort kort tid etter, noko som naturlegvis var tungt å bere.

Eg vart ein del erta grunna høgda mi, og sidan eg stadig fekk høyre at eg ikkje kom til å klare meg i livet, såg eg svart på framtida. Og eg var i periodar så sterkt plaga av depresjon, at eg planla å ta livet mitt. Men så vart eg beden med på eit sambandskurs i Raudekrossen, og eit framtidshåp vart tent. For her vart eg teken vare på og akseptert som den eg var, og fekk gjere noko eg interesserte meg for og meistra.

Midt i tenåra fatta eg ei altoppslukande interesse for krigshistorie, las alt eg kom over og byrja å samle krigseffektar. Det var difor eit tungt slag at eg vart kjent stridsudyktig og ikkje fekk avtene fyrstegongstenesta, sidan eg berre var 135 centimeter på strømpeleisten.

Men eg skulle få mykje med Forsvaret å gjere likevel, ikkje minst med undervising i krigshistorie på befalsskulen og som instruktør på Krigsskulen. Dessutan har eg vore leiar av Valdres Forsvarsforening i 30 år, og har i mange år hatt foredrag og undervising på ungdoms- og vidaregåande skular, ofte saman med krigsveteranar. På Bagnsbergatn har eg hatt guida turar sidan 1985, og eg stod i bresjen for at det vart eit nasjonalt krigsminne som no er freda. Dette engasjementet har gjeve meg mange utmerkingar, mellom anna Forsvarsmedaljen med laurbærgrein, Gunnar Sønstebys pris, Kongens forteneste medalje i sylv, og heidersteikn og medalje frå Norges Forsvarsforening.

Utanom dette vart det 43 år i arbeidslivet i hovudsak med butikk- og kontorarbeid, og eg har sete i kommunestyret for Høgre, vore meddommar i Eidsivating lagmannsrett, og i ein kontrollkomité som rapporterer det vi ser som nynazisme. Så eg har då oppnådd noko, trass førehandsdomen eg fekk!

Mø i Valdres

Arne Martin Bøe lagar i serien Mø i Valdres små portrett av folk i Valdres. Sidan 2017 er meir enn 350 personar portrettert i serien. Veit du om nokon som fortener å få ei lita sak om seg sjølv, kan du ta kontakt med Arne Martin på e-post arne.martin@avisa-valdres.no.