Tekst og foto: Valdres Natur- og Kulturpark

Som første Valdres-festival ut i 2021, melder Ragnhild og Eldbjørg Hemsing at den allereie nedskalerte, men planlagte Hemsingfestivalen i februar 2021 vert utsett til hausten.

– Som festivalarrangør er me no i ein situasjon med stor usikkerheit og med nye strengjare retningslinjer og restriksjonar på grunn av covid-19. Etter samtaler med kommuneoverlegen i Nord-Aurdal, har administrasjonen i samråd med styret til Hemsingfestivalen no vedteke å flytte festivalen frå februar til 8. – 10. oktober. Dette er difor inga avlysning, men ei endring av datoar, skriv Eldbjørg og Ragnhild på nettsida www.hemsingfestival.com.

Norske artistar

Før valet om å utsetje årets festival hadde musikarsystrene allereie bestemt seg for invitere eit høgt nivå av nasjonale artistar, for å sikre at dei ikkje vart ramma av reiserestriksjonar mellom landegrenser. Men å avhalde ein intim musikkfestival allereie i februar, vart likevel for usikkert i desse dagar.

Sjå video frå Hemsingfestvalen 2020: Arve Tellefsen på festivalfrukost i Aurdal.

– Håpar å sjå dykk

– Festivalen i oktober vil bli gjennomført med same plan som me skulle hatt i februar i år, og me håpar å sjå dykk alle på Hemsingfestivalen i oktober, seier Ragnhild og Eldbjørg på festivalens heimeside.

Informasjon om festivalprogrammet og sal av billettar vil bli oppdatert fortløpande på heimesida, www.hemsingfestival.com. Ta kontakt med festivalhotellet, Nythun, for booking av rom.