Sør-Aurdal kom­mu­ne ønskjer å pri­o­ri­te­re fire konk­re­te fyl­kes­veg­pro­sjekt, i til­legg til vans­ke­leg svin­gar på Åsemyrvegen og i Hedalslinna.

Tekst og foto, avisa Valdres v/Bjørn Karsrud.

Til sam­an drei­er det seg om ut­bet­rin­gar på vel 17 ki­lo­me­ter med fyl­kes­veg i komande periode. Sør-Aurdal kommunestyre hadde hand­lings­pro­gram­met for fyl­kes­ve­gar i Innlandet 2022–2025 oppe til be­hand­ling tors­dag, og kommunestyret slutta seg til forslaget frå administrasjonen. Fyl­kes­veg 2446 Reinlivegen står på top­pen av pri­o­ri­te­rings­lis­ta.

Der­et­ter følg­jer gang- og syk­kel­veg langs fv. 243 Hedalsvegen, ut­bet­ring av fv. 2464 Leirskogvegen, for­tau el­ler gang- og syk­kel­veg langs fv. 2462 Vestbygdvegen – og så flas­ke­hal­sar på Åsemyrvegen og Hedalslinna som eit punkt fem.
Stort inn­spa­rings­pro­sjekt

Når det gjeld Reinlivegen, så vart 700 me­ter av den­ne strek­nin­ga fer­dig ut­bet­ra og as­fal­tert i fjor. Her er det bygd 700 me­ter med heilt ny veg i ny tra­sé ned mot Beg­na. Pro­sjek­tet vart rea­li­sert ved hjelp av tun­nel­mas­se frå Bagns­kleiv­tun­ne­len og for­skot­te­ring av 11,1 mil­li­o­nar kro­ner frå E16-pro­sjek­tet. Tun­nel­mas­se vart kjørt ut og lagt i tra­se­en. I for­kant var det ut­ar­beidd ein re­gu­le­rings­plan som vart fi­nan­si­ert gjen­nom eit splei­se­lag mel­lom Sør-Aurdal kom­mu­ne, Sta­tens veg­ve­sen og Opp­land fyl­kes­kom­mu­ne.

Det vis­te seg at det vart pen­gar til overs på massetransportdelen av pro­sjek­tet, noko som gjor­de det muleg å fer­dig­stil­le 700 me­ter av Reinlivegen. No ligg det de­po­nert til sam­an 55.000 ku­bikk­me­ter med tun­nel­mas­se som skal bru­kast til å fer­dig­stil­le res­ten av den fer­dig re­gu­ler­te veg­strek­nin­ga, til sam­an 1900 me­ter.

Når den­ne de­len er ut­bygd, vil det vera bygd og ut­bet­ra til sam­an 2.700 me­ter med fyl­kes­veg opp mot Rein­li – ein veg som blir sta­dig meir tra­fik­kert på grunn av tu­rist­sta­sin­ga på Fjell­stø­len og i Sta­va­da­len. Veg­strek­nin­ga blir no rea­li­sert til ein langt bil­li­ga­re penge enn det som vil­le vore nor­ma­le kost­na­der.

Gang- og syk­kel­veg i He­da­len

I He­da­len er det øns­ke om å bygge til sam­an 2,8 ki­lo­me­ter gang- og syk­kel­veg mel­lom frå Bautahaugen og nord­over mot Nerbykrysset. Det­te er vik­tig å få rea­li­sert for­di fyl­kes­ve­gen her er smal og det ligg barne- og ung­doms­sku­le, id­retts­an­legg, gren­de­hus, bu­stad­felt, bu­tik­kar, mu­se­um og flei­re bu­stad­hus langs strek­nin­ga. der­som ik­kje hei­le pro­sjek­tet let seg rea­li­se­re, ønskjer kom­mu­nen å pri­o­ri­te­re den 600 me­ter lan­ge strek­nin­ga mel­lom sku­len og Bautahaugen.

12 ki­lo­me­ter av Leirskogvegen ligg i Sør-Aurdal, 2,2 ki­lo­me­ter i Et­ne­dal. Langs ve­gen i Sør-Aurdal er det be­hov for for­ster­king og mas­se­ut­skif­ting, re­etab­le­ring av grøf­ter, skrif­ting av stikk­renner, breidde­ut­vi­ding av svin­gar, skogs­ryd­ding og as­fal­te­ring.
Langs Vestbygdvegen er det be­hov for å bygge for­tau el­ler gang- og sykkelvegen på ei 180 me­ter lang strek­ning mel­lom krys­set ved Storebruvegen og innkøyringa til Bagn Bygg­sen­ter. Den­ne strek­nin­ga blir brukt av sku­le­un­gar og andre mju­ke tra­fi­kan­tar.

Sør-Aurdal kom­mu­nestyre ber også om at fyl­ket tek med ut­bet­ring ev tre svin­gar langs Åsemyrvegen, som er vans­ke­le­ge for tøm­mer­bi­la­ne, og ein sving i Hedalslinna ovan­for Tol­lefs­rud, som er svært vans­ke­leg for kjøretøy som trans­por­te­rer skogs­mas­ki­ner.

For dei som lu­rer på bru­ken av veg­num­mer i ar­tik­ke­len, kan det opp­ly­sast at ei rek­ke ve­gar i Hed­mark og Opp­land har skif­ta veg­num­mer et­ter fyl­kes­sa­man­slå­in­ga.