Reinli.no har utfordret sokneprest Signe Elisabeth Kvåle til å skrive en påskehilsen til befolkningen. Her kan du lese hilsenen fra Signe prest.

Foto: Kirken.no

Kjære sambygdingar

«Eg kjedar meg så veldig» -dette høyrer eg rundt meg ofte no om dagen. Tida blir for lang når det daglege arbeidet for mange er stoppa opp, ungane er heime frå skulen og ingen fritidsaktivitetar lenger er i drift.

Me har alt levd i tre veker med denne rare, nye situasjonen, og me merkar det godt. Me kan ikkje samlast som før, me kan ikkje helse som før, me kan knapt nok gå på butikken som før. Kafeen er ikkje tilgjengeleg, og ingen andre stader heller. Då er det telefon og internett som må hjelpe oss. For det går enno fint å halde kontakt dersom me er friske og har utstyret. Eg tenkjer kanskje mest på dei på sjukeheimen som for tida ikkje kan få besøket dei treng og kanskje ikkje får sjå dei kjende andleta og halde dei kjende hendene. Pleiarane har meir enn nok arbeid, og gjer sitt aller beste. Alle desse treng vår forbøn no.

Det er moro å sjå kor mykje velvilje som er utløyst fordi corona-viruset råka oss. Så mange som tilbyr sine tenester til dei som treng hjelp både med handling og vedbæring og kva det elles måtte vere. Me har enno eit samfunn som tek ansvar og kan handle til beste for fellesskapet og ikkje berre enkeltmenneske.

Heller ikkje kyrkja er spart for innskrenkingane i det sosiale livet. Mange har sikkert merka at gravferder ikkje er tilgjengeleg for alle, at gudstenester ikkje kan haldast og kyrkjeklokkene er stillare enn før. Heller ikkje i påska får me halde messer som vanleg. Me tilsette på kyrkjekontoret har no laga nokre små filmsnuttar, med god hjelp av Kjell Eriksen og Arne Perlestenbakken frå Hedalen. Desse filmane kan de finne både på heimesida vår og på Youtube. Så kan alle som vil få eit glimt av den gamle, kjende kyrkja på Bagn og høyre både gode ord og musikk. Når det er sagt, vil eg framfor alt minne om radio- og tvgudstenestene som NRK sender kvar helgedag i påska, til vanleg messetid.

«Det er sunt å kjede seg» blir det sagt. Då blir me kreative. Men me kan og bli sure og grinete. Me blir nok ikkje betre menneske av dette, med mindre me kan læra å tenkje annleis. Inni oss har me meir ressursar enn me veit om. Me har større krefter enn me som regel har bruk for. Og i den stillheita, og kanskje også einsomheita, me no opplever ligg kimen til langt meir enn kjedsomheit.Vår urolege sjel kan finne kvile og næring i denne litt rolegare tida. Ein tur ut, godt lesestoff, god musikk, ei god kjøtsuppe som må koke lenge- dette er slikt som koplar saman sjel og lekam. Det eine er ikkje noko utan det andre. Leit etter sjeleleg helsekost! Det kan vere kakao og ei god bok. Ein telefonsamtale og appelsin. Eller baka kake. Og kaffi og sol på verandaen.

God og stille påske.

Beste helsing Signe prest.