Tur til Langeberg

Tekst og foto: Åse Østgård Hagen og Ole-Petter Andersen

Langeberg er eit av turmåla til Turkarusellen i Sør-Aurdal og eit av dei seks vardepunkta i Valdres. Langeberg-varden har dei siste åra vore så attgrodd med kratt og skog at det har vore vanskeleg å sjå noko særleg av utsikten når ein stod på toppen og det låg berre restar att etter den varden som stod her tidlegare.

Det er toppbok i postkassa på toppen

   
Dette vart det gjort noko med i juni i år. To karar frå bygda, Kristian Berglund og Anders Hovdet, har gjort ein stor jobb med hogging og rydding. Nye stokkar som skal markere vardepunktet er sett opp og det er og laga ein fin sitteplass der det er godt å sleppe seg nedpå når ein endeleg er framme etter ein bratt tur opp lia. Ikkje minst kan ein no nyte den flotte utsikten til alle kantar, blant anna kan Bitihorn i Jotunheimen sjåast tydeleg trass i den lange avstanden.

Mot Reinli

   
Det er rimeleg å tru at ryddearbeidet som er utført vil gjera sitt til at Langeberg vil bli eit endå meir attraktivt turmål enn tidlegare. Ein tur opp på Langeberg kan anbefalast på det varmaste!

Regn 25-40 minutter til toppen, følg blåmerket sti. Skilt ved starten på stien ved Skarsvegen.

Utsikt mot Begna og demningen nord for Bagn

   
Har du en GPS-enhet kan du laste ned GPX-filen via linken nedenfor.

Høyrelikk her for å laste ned gpx-filen med stien opp til Langeberg, til din egen pc. Velg "Lagre mål som...", lagre filen og overfør den så til din gps-enhet

Mange mobiltelefoner med innebygd GPS (for eksempel Android og iPhone) støtter også GPX-filer med egne apper (for eksempel Google Spor og Norgeskart). På den måten kan du følge sporene med din egen telefon.

Zoom ned mot Bagn sentrum