Suksess for årets Museumsstemne / Familiedag

Tekst: Einar Mosleth. Foto Rune Larheim.

Veret synte seg frå si aller beste side då Bagn Bygdesamling markerte sommeråpning med opne hus og mange aktivitetar sist laurdag. Folk strøymde til ut over dagen og koste seg i sola med variert underhaldning ute og inne, mat og kaffi.

På programmet sto fyrst opning av kunstutstillinga til elevane ved Kulturskulen i Sør-Aurdal. Tema for utstillinga er Edvard Munch, og lærar Sissel A. Bakke skisserte i tala si viktige moment frå Munchs liv og virke. Elevane har teikna og måla etter eige inspirasjon, og mangt eit talent har kome til syne. Utstillinga kan sjåast i Stabelbygningen i sommar medan museet har ope.

For mange blir det ikkje stemning på museet før musikkorpset spelar, og Bagn og Begnadalen Musikkorps stilte trufast opp under sin faste dirigent Ole Fønhus. Publikum fekk m.a. høyre Valdresmarsjen, noko som mange satte spesielt stor pris på.

For dei minste var det mykje å ta seg til, og spesielt populært var lompebakst i grua i seterbua. StyreleiarGunhild Leite styrde baksten med stø hand, og alle som ville fekk kjevle og steike si eiga potetkake. Diverre sette sjukdom ein stopper for ridinga som var annonsert, men me fekk helse på telemarkskua Skjønros og museets geiter og høner.

Ute ved kokeringen sto Kjellaug Kjensrud heile dagen og ysta kvitost og prim. Ho delte raust ut smaksprøver, og sidan Kjellaug ikkje berre kan yste, fekk folk ei lita historie og ein god latter med seg påvegen.

Ikkje alle veit kva det vil seie å kaste på stikka, så då Herman Leite fannfram dei gamle store femøringane med kong Haakons relieff, flokka folk seg kring han og villeteste ut, med vekslande hellkan ein vel seia.

Til langeleik- og munnharpespel vart det strikka og knytt, karda og spunne. Og ikkje minst fekk dei somstakk nesa inn gjennom døra i Islandsmobygningen smaka ystill, seterkost som Anne Øyhus har laga kvar sommar gjennom eit langt liv.Anne kan sine ting fortsatt, ho er også ein av informantane til Helge Gudheims nyutkomne bok "Ystingi Valdres".

Mange var det som humra og nikka attkjennande då Ole Listerudbakken framførde teksten "Åsfløting". Til Oles rolige stemme og målande skildring, dyktig akkompagnert av Ole Fønhus på piano, kunne einformeleg sjå for seg korleis ferden frå garden i bygda og inn på setra arta seg, med pikk og pakk og alledyra. Mangt eit godt minne vart vekt, ja kanskje helst hos dei godt og vel vaksne i forsamlinga.

Dagens overrasking var det diverre ikkje alle som fekk med seg, for detvar ikkje før på tampen av dagen at Arvid Bergsund kom køyrande inn på museumsplassen med ein Gråtass av kjend merke. Tidligarestyreleiar på museet, Kristian Bergsund, greip mikrofonen og kunngjorde at dette var ei gåve frå Arvid til museet! Ein flott avslutning på nok ein trivelig dag på Bagn Bygdesamling.

 

 

 

 

 

 

Følg linken nedenfor og se flere bilder fra dagen.